Posted On: August 25th 2026, 06:36 am
Del gjerne❤️
Lagra om du treng påminninga ein annan dag også.
I dag trong eg påminninga sjølv. Kanskje difor eg fann fram akkurat dette vesle diktet.
For dei siste dagane har eg vore ekstra sliten. Migrenen har vore litt ugrei siste dagane. Slik er det av og til. Då vert eg lettare motlaus og lei meg. Litt ekstra sårbar. Gruar meg til ting eg vanlegvis gler meg til. Slik er det berre å leva med kronisk sjukdom. Nokre dagar er ein meir hudlaus. Det er ein del av livet.
Og i dag tenkjer eg at ein kanskje ikkje skal vera så redd for det heller. Å vera hudlaus. Sårbar. Det er jo noko vi alle kjenner på nokre dagar.
Men vi har laga oss eit samfunn der det er farleg å vera det. For vi skal vera så himla sterke heile tida. Så vi skyv vekk og held denne delen av livet på armlengdes avstand. Med resultat at vi kanskje sit einsame i vår hudlaushet og sårbarheit.
Eg veit ikkje… men eg tenkjer det er viktig å prata om. Viktig å vera ærleg. Vi er berre menneske. Ikkje så ulike når alt kjem til alt.
Varm klem til deg som trong lesa dette. ❤️
(Diktet står i boka Det som er no)