Posted On: October 26th 2026, 02:09 pm
På torsdag tok Kjetil turen til Slagthuset i Malmö for å oppleva Kaizers Orchestra live. Vår eigen Terje har jo ein «liten bijobb» som gitarist i Noregs største rockeband.😊
Kjetil har vore glad i Kaizers Orchestra lenge. Faktisk har me eit enormt konsertbilete frå Roskilde-festivalen hengande i kantina vår. På biletet står Kaizers Orchestra framfor 50 000 menneske som jublar og heiar.
Og det biletet heng der av ein grunn.
For sjølv om me i Digital Etikett driv med noko ganske anna enn rockemusikk, likar me å sjå på oss sjølve som eit stort band. Eit band som må spela godt saman for å fungera, der alle har si rolle, og der godt samspel er avgjerande for å levera så bra at kundane heiar på oss.
Her er Kjetil saman med Janove og Terje etter konserten.
Velkomen heim frå turné, Terje! Me er stolte og imponerte over det de får til der ute. Å samla tusenvis av menneske, land etter land, med rock på norsk, er heilt rått!