Instagram story viewer> @austigardeldfinn> Post
a year ago
Lars er på plass i Eventyrskogen.

Den 1. august 2008, kl 17.20, vart Lars Flatø Nessa den første nordmannen som nådde toppen av fjellet K2. Dette er ein prestasjon som me knapt kan fatte. 
Cecilie Skog kom til toppen rett etter Lars. 

Tanken på å laga ei klatrescene av Lars på veg mot toppen av K2 har streifa meg fleire gonger. Men det var først under arbeidet med skulpturen som skulle førestille Karen Kyllesø at eg for alvor bestemte meg for laga ei statue som skal minna oss om Lars sin enorme prestasjon. 

Stavanger Aftenblad har skreve kva som hende desse dagane i august 2008. Dette kan du lesa her: https://www.aftenbladet.no/magasin/i/Gj1a9/lars-vil-aldri-mer-til-k2

Så kan ein kanskje spørja seg: kva i all verda har figurar som skal førestille Karen Kyllesø og Lars Flatø Nessa, i Eventyrskogen å gjera - saman med tussar og troll og tull og vas? Jo, etter underteikna sitt syn er det eit eventyr det desse to har prestert. Eit sant eventyr.

Nå er det ikkje planen at Eventyrskogen skal bli ein slags «Forest of fame» sjølv om her sikkert er mange som hadde fortent ei slags statue av seg. Det finnes mange kvardagsheltar, men me er kanskje ikkje så flinke til å oppdaga dei? 
Men desse to, Lars og Karen, som du nå finn informasjon om her i skogen, utmerka seg ved å vera dei første i sin «divisjon» om ein skulle seia det slik. Karen til Sørpolen. Lars til toppen av K2. 
Du all verda så stolte me er av dei!
#stavangerturistforening #dnt #aftenbladet #strandbuen #eventyrskogeniårdal #fjellklatring #redningshelikopter
2
Posted On: October 31st 2025, 03:41 pm

Comments (2)
monjalangvik a year ago

monjalangvik

Så stas❤️ vi gleder oss til å se😊

More posts

back to up