Instagram story viewer> @mwedum> Posts
3.9K
followers
2273
following
▫️Turtips▫️Løp & turing ▫️Ski & sykkel
📍Vågå / Lom & Jotunheimen
👩‍💻 @visitjotunheimen
🤝 @skogstadsport
POSTS STORIES REELS TAGGED
På eit knips🫰 skrur naturen opp heile paletten🎨

Hausten er ein eksklusiv fargefest til fjells. Kjem fort. Forsvinn fort. Nyt medan du kan! 🧡 

#jotunheimen taken in Jotunheimen by @mwedum
0
21 days ago
Download
Turtips📍Fottur til Knippen (993 moh.) frå Raubergstulen i Lom🍁

Dette er ein ypperleg familietur i ope landskap og lettgått terreng. Eit nydeleg nærturmål ved Raubergstulen i Jotunheimen - som funkar nå utover hausten, for her er både hytta og vegen ope!

🍁 @raubergstulen turisthytte ligg om lag 1000 moh. i Bøverdalen i Lom, ved foten av Galdhøpiggen og heilt nord i Galdhøpiggmassivet. Her er det ope for mat og kvile til midten av november!❄️

🍁Området er eit av dei mest storslåtte innfallsporta til Jotunheimen, med nærleik til fleire av dei høgaste toppane i Noreg. Her blir du møtt av storslegen høgfjellsnatur med utsyn mot Galdhøpiggen, Glittertinden og dei høge fjellområda i Jotunheimen. 

🍁Utsiktspunktet Knippen ligg langs den gamle ferdselsvegen mellom Raubergstulen og Røisheim. Denne stigen var del av ruta som vart brukt på dei første guida turane til Galdhøpiggen då fjellføraren Knud Vole («Stor-Knud») gjorde toppturane kjende på slutten av 1800-talet. 

🧡Knippen er ikkje turen for den som vil samle høgdemeter, men for den som vil oppleve noko av det vakraste utsynet i området på ein enkel og tilgjengeleg måte. 
🔥Turen eignar seg godt til ein rast med kaffikjel eller enkel bålmat.

Velkomen til fjells!

📸 @mwedum (16.09.26)

#visitjotunheimen #turtips #knippen taken in Raubergstulen by @mwedum
2
21 days ago
Download
Fjellfyring på @fyritrail 🔥

Fyrste gong i Hemsedal. Fyrstereis på stiene her. Og det var fiiiint!🍁 Særleg med gromgjeng i mål, klare for feiring og fæst!🎖️

📈 29 km | 1400 hm | ⏱️: 3:41:41

Bratt start rett til vers- nesten 800 hm! 
Endte på 25.plass av 275 i dameklassa. Nøgd med det, trass i mykje kø (😝) og rase-springing i lyngen! 🫐

#fyritrail #fjelløp taken in Fýri Hemsedal by @mwedum
5
25 days ago
Download
Eit haustens eventyrland- med bugnande 🫐blåbær-og tytinglyng krinsa av fargesprakande Jotunheim-fjell. Trippande føt på lettkupert sti mot utkikkspunktet 📍Knippen (993 moh). 
📈 ca 5,5 km tur-retur frå Raubergstultjønne
⏱️ 2-3 timar ↔️

👀 Frå Knippen har du nydeleg utsikt innover Visdalen og Leirdalen, samt over Bøverdalen mot Breheimen.

🧡 Finaste tida til fjells er nå!

#jotunheimen #knippen #turtips taken in Lom, Norway by @mwedum
15
a month ago
Download
«Har du sett den
Gjendin-eggen noen gang?
Den er halve milen lang,
hvass bortefter, som en ljå.
Utfor bree, skred og lider,
rakt nedover urer grå,
kan en se til begge sider
lukt i vannene, som blunder
svarte, tunge, mer enn tretten-
hundre alen nedenunder.»

Eg blir aldri «heimblind» på denne klassikaren av ein egg mellom smaragdgrøne Gjende og djupblåe Bessvatnet🩵

📍Besseggen - Jotunheimen.
Tenk at dette er «heime».

#visitjotunheimen #peergynt #bukkerittet taken in Besseggen, Jotunheimen by @mwedum
3
a month ago
Download
Tett på bre og høgfjell - sjekk ut den geologiske stien ved Storbrean!🌿

🌼 Planter 🪨 Stein 🏞️ Terreng 🧊Isbre…

🪧Her finn du 16 informasjonsskilt som lærer deg meir om naturen du ferdast i.

🚸 Familievenleg tur i forholdsvis lettgått og leikent terreng.
🌧️ Turen kan gåast i ruskete vêr, da den er godt merka!

📍Breabakken i Leirdalen, Lom

🏁Naturstigen startar ved vegen i Leirdalen (som går inn mot @leirvassbu_turisthytte ), der elvene Storbreagrove og Leira møtes. Parkering i lommer langs vegkanten. 

🌊 Kryss fyrst brua over elva Leira og følg merka sti oppover i terrenget.

⏱️ Turen tek 1-2 timar opp.

ℹ️ Vil du lære meir - eller ha ei informasjonsbrosjyre, ta turen innom @fossheimsteinsenter i Lom sentrum!

God lærerik tur!

🎥: @mwedum / @visitjotunheimen 

#visitjotunheimen #storbrean #storbreagrove 
@utno @visitnorway @dntoslo taken in Sognefjellet by @mwedum
4
a month ago
Download
The heart of a mountain lake in Norway🩵

📍Gjende - Jotunheimen

- eit brepåverka fjellvatn med den ikoniske smaragdgrøne fargen som kjem av finmalt stein (breslam) som elva Muru fører med seg!
- Gjende er 18 km langt og ligg 985 moh. i Jotunheimen nasjonalpark.
- Namnet kjem frå norrønt gandr, ‘stav, kjepp’ på grunn av den smale, rette forma på sjøen.
- Gjende er krinsa av Gjendealpane og kjente Bukkelægret og Besseggen! ⛰️⛰️

#gjende #besseggen #knutshøe1517moh taken in Besseggen, Jotunheimen by @mwedum
6
a month ago
Download
📍 Besseggen ~ raske riff og rå utsikt!🤩

Ikkje rart denne eggen gjer turen mellom @memurubu_turisthytte og @gjendesheim til ein av våre mest populære fjellturar. Eg blir i alle fall aldri lei av smaragdgrønt vatn og trolske fjell som glinsar i haustsola☀️🍁 

Besseggen synte seg frå si beste side under rockefestivalen Tons til fjells🎸 ved Gjende i helga! Opplevinga toppa med varm badstue, kald 🍻og forfriskende fjellbad i Gjende💦

#besseggen #jotunheimen #tonstilfjells 
@gjendesheim @tonsofrock @dntoslo taken in Besseggen, Jotunheimen by @mwedum
2
a month ago
Download
Turtips 📍Tronoberget (890 moh.) ~ lett tilgjengeleg kvardagsperle i Lom⛰️

Denne turen går på godt merka sti frå Lom sentrum. Frå utleggsbrue i Lom, følg elveforbygginga langs Bøvre til Tronoodden. Stigen går opp ved bruenden på nordsida av Ottaelva. Det er 1,5 km. til toppen - frå starten av stien ved Tronoodden. 

📈Høgdemeter: ca. 500 hm. 

👀Stien går nær Reinheimen nasjonalpark med fantastisk utsikt ned mot Lom sentrum og over mot Lomseggen med toppane Eggjapiken (1524 moh) og Storivilen (2064 moh). Lengst bak ruver Loftet (2170 moh). Frå toppen av Tronoberget ser du inn i Finndalen landskapsvernområde og Reinheimen nasjonalpark.

Vil du vidare? 🔝Frå Tronoberget er det skilta til Geittupphøe, ca. 60 minutter tur-retur, som ligg 1020 moh. Frå Lom sentrum er det 4,5 km. til Geitupphøe. 

🔄 Kan gjerast til ein lengre rundtur via Olavsråket og ned Staurustberget, totalt ca 15 km.

#turtips #visitjotunheimen taken in Lom, Norway by @mwedum
2
a month ago
Download
Sjå på dette her da; den vakre fjellryggen Knutshøe, krinsa av irrgrøne Gjende og Øvre Leirungen, og kringliggande høgfjell i Gjendeaplane 🧡🍁

Turtips📍Bukkehåmåren 🍁 (1910 moh.)
~ den vesle kjempa i Gjendealpane - kanskje mest kjent for sitt pirrande stup og fotomotiv i særklasse.

🍁 Total lengde: 14 kilometer (tur-retur)
🍁 Stigning: Ca. 900 høgdemeter
🍁 Tidsbruk: Totalt 5-6 timar (inkludert pause)

Bukkehåmåren ligg like sør for Gjende, på vestsida av Leirungsdalen i Jotunheimen nasjonalpark. 
👀 Rå utsikt ned mot vatnet Øvre Leirungen og Knutshø med Gjende og Besseggen bakanfor, og vidare Besshø og Bessvatnet

🥾Turen startar frå parkeringsplassen ved Vargebakken, langs Fv.51 over Valdresflye. Frå parkeringen går du forbi enden på Knutshøryggen og ned til Leirungsåe som du kryssar på solid helårsbru. 

🔄 Rundtur? 
Er du fyrst komen hit, er vegen til fleire av 2000-meterstoppane i Gjendealpane stutt. Bukkehåmåren heng saman med Kvassryggen (2071), Eggen (2045), Høgdebrotet (2226) og Tjønnholstinden (2331).

❗️🍁🔜❄️: I september/oktober går det plutseleg frå haust til vinter i fjellet, og det kan fort bli isete og glatt i høgden. Om det har kome nysnø i høgden, er det smart å ha brodder/ gamasjer i sekken. 

☀️❄️🌬️Sjekk vêret før du legg ut på tur, og sørg for å ha med godt med mat og drikke, og varme klede/skift i sekken!🧤

🍁🍁🍁

#visitjotunheimen #jotunheimen #bukkehåmåren1910moh

🎥: @mwedum / @visitjotunheimen (05.10.23) taken in Bukkehåmåren by @mwedum
2
a month ago
Download
Jotunheimen er meir enn berre høge fjell og lange dagsetappar. Her fins mange fine småturar som passar for barn og alle som ikkje har behov for å gå så langt!👧👦 

Turtips frå @spiterstul i Visdalen
📍Hellstuguhaugen 1331 moh.

~ ein lett og tilgjengeleg tur nord for Spiterstulen i Visdalen i Lom kommune. Toppen ligg berre om lag 220 høgdemeter over turisthytta, som ligg på 1111 moh., og er eit fint alternativ for dei som ønskjer ein kortare tur med utsyn mot nokre av dei mest kjende fjella i Jotunheimen.

🍁 Som rundtur 🔄: Totalt 5 km
🍁 Stigning: Ca 200 hm
🍁Tid: 2-3 timar 

🤩 Dette er ein liten «gøymd skatt». Turen eignar seg godt:
- som kveldstur frå Spiterstulen
- for familiar med turvande born
- som akklimatisering før lengre turar til Galdhøpiggen, Glittertinden eller Leirhøe
- for fotografar som vil ha utsyn utover Visdalen utan å gå mange timar.

Her fortel vertinne @bobilbodil om turen, som @mwedum i @visitjotunheimen utforskar med ein gjeng 6-åringar!

🔗Sjå lenke i bio for meir om turen!

Spiterstulen er ope til 20.september🍂

God tur!

#visitjotunheimen #hellstuguhaugen #visdalen

🎥: @mwedum (26.08.26) taken in Spiterstulen by @mwedum
4
a month ago
Download
Turtips: 🏔️ Loftet – 2170 moh. | Fjellklassikar på Sognefjellet - perfekt hausttur frå @jotunheimenfjellstue 🧡

Loftet er ein av dei mest tilgjengelege 2000‑meterstoppane i Jotunheimen – rett opp frå Sognefjellsvegen - med utsikt omot Smørstabbtindane, Fannaråken og Jotunheimens majestetiske tinderekker 🔭

🏁: Turen startar ved Bøverkinnhalsen 1020 moh. i Lom - like ved Jotunheimen fjellstue, som ligg langs fylkesveg 55 Sognefjellsvegen. 
🔝: Tur-retur totalt 11,5 km.- med omlag 1100 høgdemeters stigning opp til toppunktet 2170 meter over havet. 
⏱️: 4-6 timar 

🪨Turen er delvis merka, og byr på mykje steinrøys. 
🏞️ Ynskjer du ein litt kortare tur? Gå for Veslloftet 1630 moh.👌

🔗 Sjå turbeskrivelse til både lite og stort Loft via link i bio

🛌& 🍽️: Dette fjellet ligg i «hagen» til @jotunheimenfjellstue, og passar utmerket som heildagsutflukt. Spis ein god frukost, smør deg niste, gå til topps – og returner til varm dusj og deretter middag! 😋 Jotunheimen fjellstue er ope ut august og dei fyrste helgene i september. 

Velkomen til vakre haustdagar i fjellet🧡🍁🍂

#visitjotunheimen #turtips #loftet2170moh 

🎥: @mwedum (18.08.26) taken in Loftet 2170 Moh by @mwedum
13
2 months ago
Download

Download All

Save the photos and videos currently loaded on this page.

0Photos
0Videos
Ready to download 0 / 0

Keep this tab open until your download is ready.

back to up