Instagram story viewer> @antonewian> Tagged
1.5K
followers
872
following
POSTS STORIES REELS TAGGED
Husker berre solskinnsdagane☀️
25
Sommar e best heima🩷
42
Snipp snapp snute, så var 2408 ute❤️ Evig takknemmelig for året og gjengen her❤️ Aldri foruten
23
2024 du er min favoritt til no🥰
18
2024 har vore eit år fullt av minner, opplevingar og fantastiske menneske – både dei som er på bileta og dei som ikkje er det. Dette er ein liten samling av bilete eg aldri fekk lagt ut, men som passar perfekt til ei oppsummering av eit år eg alltid kjem til å hugse.

Russerevyen var ein av dei store høgdepunkta. Å få stå på scenen saman med ein så bra gjeng og le så mykje gjennom heile prosessen, kjem til å sitje igjen lenge. Klasseturen til Normandie var òg heilt spesiell. Det var ikkje berre ein tur, men ein siste felles oppleving med klassen, som gjorde oss endå tettare.

Eg har òg vore aktiv politisk dette året, med å skrive lesarinnlegg og engasjere meg i saker som skulenedlegging i Vestland, nynorsk og viktigheita av demokratiet. Det har gitt meg mykje lærdom og erfaringar, og ikkje minst motivasjon til å fortsetje å jobbe for det eg trur på. Det har vore både givande og utfordrande, og eg er stolt over det eg har fått til.

Det var tungt å ta avskjed med klassen min. Eg kjem til å sakne å sjå dei kvar dag, men eg veit at banda vi har skapt, kjem til å vare.

No er tida mi på Vestlandet ferdig for no, og eit nytt kapittel i Oslo har begynt. Eg ser fram til alt det nye som ventar, men eg tek med meg alt eg har lært, og alle dei gode minna frå denne tida. Takk til alle som har vore ein del av 2024. Eg er utruleg takknemleg for dykk alle.
21
Bonjour🇫🇷🥨
26
back to up