Instagram story viewer> @sparkstoetting> Tagged
POSTS STORIES REELS TAGGED
OM SKRIVING OG LANDSKAP. 
Norsk Forfattersentrums kommunikasjonsmedarbeidar Atle Berge og rådgjevar Guri Sørumgård Botheim har skrive kronikk i @nationen.no 

Berge og Botheim har sett på kvar medlemmane våre bur, og oppdaga at mange av forfattarane bur sentralt, både i regional og nasjonal målestokk. 

Yrkeserfaringar og livserfaringar knytt til rurale landskap og havet står i fare for å bli underrepresentert.

Mange bygder strir med opprivande konfliktar knytt til arealendringar og sentralisering – som samtidig er verdikonfliktar. Vi treng forfattarar som skildrar desse erfaringane og maktkampane.

Forfattarane er ein viktig del av landet sin hukommelse, dei stiller spørsmål og utfordrar. Dei gjev lesarane nysgjerrigheit, kunnskap og sjølvtillit – alt dette som trengs for å kunna ytre ei mening og yte motstand mot urett. 

Vi treng forfattarar i heile landet.

--
Heile kronikken les du i Nationen eller på heimesida vår (lenke i bio).
16
back to up