Instagram story viewer> @fysio.astrid> Posts
887
followers
885
following
Fysioterapeut som veileder deg til:
🧠 Robust tankesett
🏋🏼‍♀️ Trening som fungerer
🌯 Vektnedgang med matglede
🌎 Online / @feel24narvik @feel24ankenes
POSTS STORIES REELS TAGGED
Kvifor skal eg trene styrke når eg spring? Blir eg ikkje sterkare i beina av å springe?

Ja og nei.

Du blir sterkare i dei musklane hjernen din allereie er van med å bruke. Men dei musklane hjernen din ikkje prioriterer, vil ikkje bli særleg brukt, og heller ikkje bli sterkare.

Styrketrening (og terping på løpsteknikk) fører til eit meir effektivt løpssteg, meir løpeglede og sterkt redusert skaderisiko.

Vi er ikkje heilt i mål med løpsteknikken. Men vi kan vel mildt sagt kalle utviklinga frå november-23 til februar-24 ein god progresjon. 

Til alle som spring: Ikkje invester i nye sko. Sko kan ikkje berge deg her. Invester i å faktisk lære å springe! 

Eg har ledig kapasitet til eit par nye kundar. Så dersom du er klar for å legge skojakta på hylla og finne ut kva du FAKTISK treng for å springe skadefritt, så er det berre å sende meg ei melding 🙋🏼‍♀️ taken in Feel24 Narvik by @fysio.astrid
1
3 years ago
Download
Velkommen hit, kjære deg! ✨

No har du kome til ein person som trur at alle kan få til endring. Du treng berre riktig metode, gode verktøy og ikkje minst - nok støtte. 

Skal vi gå i gang med å bygge varige vaner, overskot, mental og fysisk helse?

Då er det berre å sende meg ei melding, så set vi i gang 🙌🏻 by @fysio.astrid
6
a year ago
Download
Det er få ting som gjer meg så oppriktig begeistra som å sjå andre lykkast. Og det er dettopp det jobben min handlar om - at du skal kjenne meistring. 

Men eg er ikkje på jobb berre for å sjå solskinnsdagane og milepælane. Eg er først og framst på jobb for å støtte deg når alt har gått rett vest. Når du ikkje har fått til det du ønska, når kvardagen har tatt deg, og du opplever at motivasjon og viljestyrke har pakka kofferten og reist. 

Og det er då du treng meg. For eg kan få deg vidare. Eg veit kva vi skal gjere når dette oppstår. Eg blir ikkje skuffa. Eg forventar ikkje perfeksjon. Eg veit du kjem med eit heilt liv og di historie. Og vi skal finne både fotfeste og neste steg.

For det er alltid håp. Det er det! Det er alltid mogleg å endre, skalere ned, skalere opp, fjerne, legge til, justere, gje seg sjølv blanke ark. 

Der du tidlegare har gitt opp, skal eg lære deg følgande: Det er alltid lov å prøve igjen. Du blir god på det du øvar på. Og så lenge vi øvar, er det håp. 

Eg veit sjølv godt korleis det er å ikkje meistre trening, kosthold og vaneendring. Det har vore ein lang veg for meg, og eg lærer noko nytt kvar einaste dag. 

Så kva er nøkkelen? Progresjon over perfeksjon, alltid. Då vil du kome lenger enn du trudde var mogleg.

For å booke ein uforpliktande samtale, kan du sende meg ein DM eller kontakte meg på astrid.aasen@feel24.no 📩 taken in Feel24 Narvik by @fysio.astrid
3
a year ago
Download
🙌 Når sisteplass er suksess 🙌

I går deltok eg på løp for første gong sidan 2011. Eg vart utfordra til å delta for nokre veker sidan. Det var skummelt. Og eg kom på sisteplass. Eg var den som sprang kortast, og den som sprang treigast. 

Men for meg var det likevel 100% suksess. Eg var stolt, glad og kjente på stor meistring. Korleis kan det ha seg? Eg kom jo sist? 

Det er her konseptet om realistiske mål kjem inn i biletet.

Realistiske mål? Er det ikkje best å setje seg store og hårete mål? Jo, det kan ein gjerne setje seg. Men då må du òg ha ein plan.

For kva trur du hjernen lærer dersom du gang på gang set deg mål som du ikkje når? Då lærer hjernen følgande:
- Mål er ikkje til for å bli oppnådd
- Eg treng ikkje ta mål på alvor 
- Mål er ein visjon, ein draum, og ikkje noko som har med realiteten å gjere 

Så korleis kan realisme hjelpe hjernen til å ta mål på alvor?

Realistisk sett, hadde eg følgande alternativ å velje mellom i går:
1. Delta, og springe eit konkret og realistisk antall rundar av løypa
2. Ikkje delta på løpet

Eg gjekk for alternativ 1. 
Eg deltok. Eg sprang så mange rundar som målet mitt tilsa. 

Og eg klarte det! Eg seier det igjen: Eg klarte det! 
Eg nådde målet mitt! For eg hadde sett meg eit realistisk mål. 

Gjennom å nå eit mål, fekk eg kjenne på meistring. Og når ein kjenner på meistring, får ein motivasjon. Og når ein får motivasjon, får ein trent. Og når ein får trent, kjem ein i betre form. Og når ein kjem i betre form, kan ein springe raskare. Pluss at det meste i livet blir lettare når ein er i betre form. 

Kan du love meg éin ting framover?
Set deg realistiske mål. 
Tillat deg sjølv å kjenne på meistring. 
Eg kan love deg at det vil motivere deg 100 gongar meir enn dårleg samvit, negativ sjølvsnakk og urealistiske planar til saman. 

Prøv ein ny taktikk. Og spør meg om hjelp dersom du ikkje veit kvar du skal starte.
For der er eg god. by @fysio.astrid
6
4 months ago
Download
Viss ikkje dette kan inspirere deg til å vere nytenkande og kreativ på kjøkenet, så veit eg ikkje heilt kva eg kan gjere for deg.

(Det er pannekake)

#foodprep #foodies #foodinspo #livelaughlove #liveyourdreams by @fysio.astrid
2
6 months ago
Download
VER RETTFERDIG 🌱

Hugs at den einaste det er rettferdig å samanlikne seg med er deg sjølv.

Der du var for ei veke sidan.
Der du var for ein månad sidan.
Der du var for eit år sidan. 

Altfor mange ser framover.

Når eg får til dette, då skal eg…
Når eg har fått vekk den uvanen, då skal eg…
Når eg har fått kontroll på kvardagen, då skal eg…
Når eg berre får tatt meg saman, vil eg klare å…

Du trur det skal motivere deg, men ofte blir ein berre sitjande att med ei kjensle av å vere overvelda. 

Og du veit faktisk ikkje korleis du vil ha det, når alt ein gong vil klaffe. Eller om det nokon gong blir sånn. 

Men du veit korleis du har hatt det. Og korleis du har det no. Og tar du deg tid til det, vil du kanskje innsjå at du har kome eit stykke.

Ikkje på alle område, ikkje perfekt, men det er progresjon.

Strekk deg etter meir av dette. Meir av det som gjev meistring, meir av det som fungerer, meir av det som fungerer for DEG. 

Det er eit handfast og rettferdig samanlikningsgrunnlag.

Kva meistrar du no, som du ikkje gjorde for eit år sidan? 
Del gjerne ⬇️ by @fysio.astrid
5
8 months ago
Download
Dette er jo ikke nytt for oss,
vi vet jo at vi har en av de beste hos oss
og vi er kjempestolt💚💚
Så er det jo skikkelig gøy at Dagbladet forteller 
det til resten av Norge👏💪🫶

Har du lyst å trene med Astrid så send henne
en melding👌

Akkurat nå finner du info om hennes kapasitet 
i story👏👏

God folkehelse-tilgjengelighet-trening på dine vilkår by @fysio.astrid
2
a year ago
Download
Torsdagar går med til å beundre isen eg skal ete i helga 🍨

I dei seine nattetimer, ein lett desillusjonert vårdag, kjøpte eg ein Ninja Creami på internettet. No høyres dette ut som reklame. Det er det ikkje. Eg har ingen kokkelære (?) føresetnader for å kunne tene pengar på å presentere mat. For å seie det mildt. 

Men attende til kvelden med eit mildt illebefinnende. 

Eg er god til mange ting. Men det er eit par område der eg har lav suksessrate. Mellom anna når det kjem til retur av pakkar. Der kjenner eg at det går ei grense. Det byr meg imot. 

Noko anna som byr meg imot er å måtte vente 24 timar på is, når eg først har lyst på is. Så Ninja-en hamna i ei bod. Men så er det dette med å øve på det ein syns er vanskeleg. Kunne det vere at eg kunne klare å lage is på førehand (trur det heiter meal prep)?

Det kunne eg. Og tru det eller ei. Det vart godt. Sjølv om eg henta oppskrifta frå Kunstig Intelligens. Som overraskande ofte viser seg å vere urovekkande uintelligent. Men det er ei anna sak. 

Uansett. Skulle du ønske å lage same is, er eg så raus at eg deler oppskrifta med deg no, i denne stund: 

Per beger (eg måtte altså tredoble for tre beger): 
• 3 dl mjølk
• 1 scoop proteinpulver 
• 2 ts kakaopulver 
• 1 ts lønnesirup 
• 1/3 pakke Sukrin sjokolademousse 
• Bittelitt salt (Endeleg er det min tur å bruke det verste uttrykket eg veit om; smak til med salt. Eg kjenner meg mektig når eg skriv det)

Éit beger gjev deg følgande: 
340 kcal 
42 g protein 
32 g karbohydrat
6 g fett 

Til samanlikning, tilsvarar dette kaloriinnhaldet og sukkerinnhaldet til 7 bitar av Nidar sjokoladefamilie. Som for øvrig smakar fantastisk. Spesielt dei eggforma. 

No er det vel på tide med ei slags avrunding. Det får bli følgande: God torsdag vidare! 🍦

#ninja #ninjacreami #proteinicecream #healthysnackideas #healthysnacking #protein #narvik #ankenes #helse #personligtrener by @fysio.astrid
1
a year ago
Download
Er du ikkje nordpå om sumaren, ferierer du i feil del av landet 💁‍♀️

PS: Kryssord fortener meir positiv merksemd og omtale. taken in Narvik by @fysio.astrid
0
a year ago
Download
Skreiv ein lang tekst her som eg klarte å slette 💁‍♀️

Så lat oss oppsummere punktvis: 
• Det var kjekt å vere studiementor
• Eg er stolt over studentane
• @abel.health gjer ein fenomenal jobb for folkehelsa i Noreg
• Mentorteamet er min type folk 
• Eg har gått mykje i kjole 
• Det er varmt i Oslo 
• Eg har dusja 3 dagar på rad 
• Kvardagen eg skal heim til er god 
• @olof.kullberg.helse tar gode bilete 
• Eg gløymde å kjøpe laurdagsgodt 

Takk 🥹 taken in Oslo Militære Samfund - OMS by @fysio.astrid
20
a year ago
Download
Dårleg matlyst. Matlei. Lyst på noko godt. Men av og til er mat berre mat 🤷🏼‍♀️

Sjå slutten av videoen for å observere overaktiv halsmuskel (platysma) under tygging 🕵️

#livsstilsendring #helseveiledning #helseveileder #mentaltrening #mentaltrener #sunnmat #mindset #narvik #endring #viljestyrke taken in Feel24 Narvik by @fysio.astrid
0
2 years ago
Download
🧠💥
No skal du få vite noko interessant:
Å gjere det som er enkelt,
er ikkje progresjon.

Progresjon kjennes ikkje behageleg ut.
Progresjon er å gjere det du eigentleg vil, når det er vanskeleg å få det gjort.

Det er kanskje ikkje noko ein får til kvar einaste dag. Men det er ikkje målet heller. Målet er å øve. Og det å øve kan du gjere kvar dag. For ein blir berre god på det ein øvar på. 

Og for kvar gong du øvar, kan du tole litt meir ubehag, og med dette få litt meir utvikling. 

Så når du kjenner at du ikkje vil noko, f.eks. å stikke ut og gå dei siste 1000 skritta, velge ro framfor stress, skrelle den gulroten, planlegge den middagen, legge frå seg jobben i rimeleg tid, fylle den vannflaska, legge vekk mobilen på kvelden, eller kva det enn måtte vere, då skal du følge med i timen. 

For når du kjenner at du ikkje vil, er det eit signal om ei moglegheit til utvikling. Ta den moglegheita. Gjer det som kjennes feil ut. 

For når det kjennes feil, er det overraskande ofte rett. 

Litt som å møte andre med godleik når dei har møtt deg med ein dårleg tone. Det føles feil. Men det er rett. Men det er ei anna historie. 

Ut og gå, og ønsk ubehaget hjarteleg velkomen 🙌🏻 taken in Håkvik by @fysio.astrid
1
2 years ago
Download

Download All

Save the photos and videos currently loaded on this page.

0Photos
0Videos
Ready to download 0 / 0

Keep this tab open until your download is ready.

back to up