Instagram story viewer> @ranglerock> Posts
1.4K
followers
411
following
POSTS STORIES REELS TAGGED
Download All
Ranglevarsel: Oktober 2026 🍂

Oktober byr på mykje godt for musikkinteresserte på Jæren.

Allereie 1. oktober kjem Sondre Lerche til Hvelvet Scene. Ein av dei sterkaste norske låtskrivarane dei siste tjue åra, og framleis blant dei beste liveartistane me har.

På Hvelvet kjem også Lars Vaular 16. oktober. Bergensaren, som kanskje er verdas kulaste rappar, er nå også aktuell med poesiprosjekt.

Ei veke seinare, 23. oktober, står Bigbang på scena. Noregs fremste rocketrio gjennom fleire tiår, med fleire klassikarar på samvitet enn dei fleste.

Og ja, me pleier ikkje alltid å anbefala hyllestband. Men når Valentourettes kjem 31. oktober, så er det jo ekte vare. Bandet held arven etter Jokke levande med både kvalitet og allsong.

På Storstova kan du mellom anna få med deg den lokale jazzstjerna Signe Iren Time med Significant Time, den blir Ekstatisk Eufori 15. oktober 

og så kjem legenda, Elias Akselsen 20. oktober. Han syng dei gamle visene og religiøse tatersongane som ingen andre.

På Folken går Another Festival av stabelen 10.–11. oktober, med ei rekkje spennande namn frå inn- og utland. Vårt tips er Maruja frå Manchester, som blandar punkens rå energi med jazzens frie form på ein måte få andre band gjer akkurat no.

Ellers treng Ranglerock fleire som er med i styre og arbeidsgrupper, sjå eigen post frå ei veke sidan, og meld din interesse!. Me treng deg! 

#Bryne #jæren #konsert #rock #ranglerock by @ranglerock
0
13 days ago
Download
RANGLEROCK SØKJER FLEIRE HOVUD, HJERTER OG HENDER

Det viser seg at ein festival ikkje arrangerer seg sjølv. Det er i alle fall ikkje vår erfaring etter 24 år med arrangement.

Når publikum kjem til Ranglerock ser dei scene, nokre band, ein bar, bord og benker og eit par lett stressa menneske med lyslenker og strips.

Det dei ikkje ser, er at det finst folk bak alt frå artistkøyring, sponsorarbeid og plakatar til dekor, frivillige, presse, backstage, sosialt innhald, transport, trivsel, nettside, logistikk og mykje meir.

Difor legg me no ut det som kanskje er den mest omfattande lista over festivaloppgåver me nokon gong har publisert.

Sanninga er at mange i Ranglerock har fleire hattar enn dei har hovud til. Om me finn ein ny person til éi av oppgåvene på lista, blir det kanskje éin hatt mindre å bera for nokon andre.

Målet vårt er eigentleg ganske beskjedent: Klarar me å finna 8 til 10 nye namn som kan tenkja seg å bidra litt eller mykje, så blir både kvardagen og jubileumsfestivalen i 2027 ganske mykje kjekkare.

Du treng ikkje vera ekspert. Du treng ikkje kunna alt. Du treng ikkje vera frå Bryne ein gong.

Men om du likar musikk, kultur, fellesskap eller berre tanken på å skapa noko saman med trivelege folk, så vil me gjerne høyra frå deg.

Kanskje ser du ei oppgåve på lista som passar perfekt. Kanskje kjenner du nokon som hadde vore gull.

Ta kontakt. Del innlegget. Tips ein ven.

25-årsjubileum kjem ikkje av seg sjølv.

👇 Sjå den (nesten) komplette lista over roller og oppgåver under.

Roller og ansvarsområde Ranglerock 2027Leiar
Nestleiar
Økonomiansvarleg
Frivilligsjef
Områdesjef
Produksjonssjef
PR/kommunikasjonsjef
SoMe-ansvarleg
Bar/butikksjef
Backstageansvarleg
Aktivitetsansvarleg
Front- og heimesideansvarleg
Trivselssjef
Transport-
Grafisk designar
Teknisk leiar
Artistvertar
Sjåførar
Plakatsjef
Atmosfæreansvarlege
Dekor

Småsporv

Leiar
Programsjef
Artistansvarleg
PR-sjef
Dansesjef
#Ranglerock #Frivillig #Festivalfamilien #Ranglerock2027 #25årmedskranglingogkjærleik by @ranglerock
1
21 days ago
Download
Konsertanbefalingar for september!
18/9 Liv Runesdatter Ensemble@Storstova- norsk, arabisk, indisk folkefusjon🎻🪘
19/9 Tøfl@Hvelvet Vilt fengande indiepop. Tøflare i pysjamas kan det ikkje bli😎👕
26/9 Purified in Blood@Hvelvet Hardcore lengender 🔥💀#jæren #konsert #musikk #norskrock taken in Bryne, Norway by @ranglerock
0
a month ago
Download
Slutte og byne er kåra i Klassekampen til beste norske låt etter år 2000. Me istemmer og gratulerer🍻 taken in Bryne, Norway by @ranglerock
0
a month ago
Download
Franska trion kjem tilbake til Jæren på laurdag! Sist sett på Ranglerock 2025 og det som for mange vart høgdepunktet det året. Me legg med ein liten film, sjå bort frå sur song og orgasmebrøl frå fotografen 🫣
Konserten er på Ogna scene laurdag kl. 14, og det er framleis billettar igjen🔥 by @ranglerock
1
2 months ago
Download
@nonne.band avsluttet årets festival med sin psykedeliske elektro-rock. Duoen skapte med sine repetitive, hypnotiske danserytmer ein wild opplevelse me aldri vil gløyma!  #psychrock #festivalsommer #norskrockpånorsk #jæren taken in Ranglerock by @ranglerock
0
3 months ago
Download
Mikkel Rev @ Ranglerock 2026 i Hvelvet
God gang! 🦊 #folkrock #norwegianfiddle #folkmusic #livemusic #festivalsommer by @ranglerock
0
3 months ago
Download
Laurdag - fest,  park, trøkk, fint,  musikk, mjuuusic , god gang, drøs, dans, quiz, jedo! foto: Vegard Hansen taken in Bryne, Norway by @ranglerock
0
4 months ago
Download
@handgemeng Apacolypse beer belly's ⛓️

#ranglerock #gigphotography #festivalphotography taken in Ranglerock by @ranglerock
29
4 months ago
Download
@valkyrienallstars Parkscena ☀️ 

#ranglerock #bryne taken in Time bibliotek by @ranglerock
0
4 months ago
Download
@theclumps avsluttet dag 1 med et smell! 
Dag 2 er godt i gang og mer rangling er i vente! taken in Ranglerock by @ranglerock
1
4 months ago
Download
Birds & Smalltalk for kidsa! fuglene fløy rundt og alle barna hang etter på leken! 
Rangling for småsporvane! taken in Time bibliotek by @ranglerock
0
4 months ago
Download
×

Download all media on this page

Photos Videos
back to up