Instagram story viewer> @susanne.nesse> Posts
3.9K
followers
1288
following
Eit hjørne av internett som heier på å la hjartet lede🩷
🌸Eit rom der du kan fjerne skjoldet og vere meir deg
🌱Helhetlig helse
🦋@glodpodcast 💛1:1
POSTS STORIES REELS TAGGED
Klyp meg i armen! Eg har laga podcast🥹🧚✨ Første episode ute no💫 Link i profil🤍

#glodpodcast @glodpodcast by @susanne.nesse
18
9 months ago
Download
Å ikkje vere der «alle andre er»

Følelsen av å heile tiden endre retning, fordi noko føles off

Skuffelsen over å igjen og igjen miste den versjonen av seg sjølv som føles 100% autentisk og ekte

Ho var der nettopp, kor blei ho plutselig av

Det kan gjere så vondt og kan virkelig frustrere🤍

Kanskje grunnen til at ho forsvinn, er at ho ubevisst lar prestasjon, det å bevise, bevise at ho er god nok, får ting til - få lede.

Sjølv om ho trudde ho var ferdig med det. 

Når noko har vore ein del av oss i lang lang tid, kan det ligge som djupe verdiar som blir med i fleire valg enn ein skulle tru. Det gjeld òg verdiar som ikkje er gode for oss.

Der blir eg fanga gong på gong. Ofte ubevisst.

Eg vil ikkje la behovet for å «bevise noko» lede. 

Eg vil ta valg frå ein stad der eg allerede er bra nok.

Sjølv om eg trudde eg var blitt flinkare på det, ligg den verdien djupt i meg som ein «styggen på ryggen». Eg er kanskje meir bevisst, men eg ser at den ofte tar valga for meg.

Å ta valg frå ein stad der ein allerede er bra nok, ikkje for å bevise - då blir kanskje valga annleis. Ikkje berre kanskje, dei blir det.

Det skal eg øve meir på. 

#branok #prestasjon #bevise #livet #frahjertet by @susanne.nesse
1
a day ago
Download
Nokre ord eg hadde på hjartet i dag🤍

Kven er du, når ingen andre enn du virkelig kjenner etter. by @susanne.nesse
1
4 days ago
Download
Breathe that in♥️

Eg veit godt kor vanskelig det kan vere å finne eigenverdi. Å ha det bra, er på ein måte ikkje heilt tillatt. Fordi alt må vere på ein viss måte først. Ein føler seg ikkje bra nok, verdifull nok, fortjener ikkje.

Å vere der er ein vond plass å vere.

Men heldigvis finnast det håp. Det går an å få det betre. Det går an å føle seg betre. Trivast betre i seg sjølv. Bli meir glad i seg sjølv. Det går an♥️

Det kan kreve ein djup prosess, der mykje må jobbast med, løysast opp i og skrellast av. Kanskje føles det som at vegen kan vere uendelig lang. Men det er verdt det. Ikkje gi opp♥️

Følelsen av å like seg sjølv betre, den finst. Og den følelsen, den kan skape så mykje fint i livet. 

Eg er eit levande bevis. Ikkje fordi eg no er «perfekt», men fordi eg har øvd meg på å møte styggen på ryggen med omsorg. Møte sår, i staden for å berre bli sint på dei. 

Ved å øve på å møte seg sjølv på ein meir kjærlig måte, i staden for at styggen på ryggen alltid tar overhånd, vil følelsen inni deg endre seg. Litt etter litt. 

Du har lov å ha det skikkelig bra. Du treng ikkje bli «perfekt» først. For den perfekte finst i den du allereie er♥️

#helhetlighelse #lykke #worthy #møtho 🤍 by @susanne.nesse
1
a month ago
Download
Velkommen til 1:1-samtale🤍

Velkommen til eit trygt og varmt samtalerom over nett, der me treffes der du føler deg heime og trygg.

Om du er nysgjerrig og ynskjer meir info, send meg gjerne ein melding her eller via e-post (knapp i bio). Sjølvsagt heilt uforpliktande🤍

Fordi du fortjener å føle deg skikkelig bra❤️ Og eg ynskjer så djupt frå hjarta å hjelpa deg på vegen dit. For eg veit så godt korleis det er når ting skurrer. Og at det ikkje treng å vere sånn♥️

#1til1 #samtale #heiadeg🤍 by @susanne.nesse
10
8 days ago
Download
Prioritizing more joy💛

Nokre ting høyres på eit vis aller best ut på engelsk🙉

Finn ikkje heilt eit godt norsk ord for det engelske ordet joy. For meg er det eit ord som beskriv noko som gir glede, lyser oss opp, gir ein lyst, rører noko i oss, kjennes som eit ja. Noko som gir ein god følelse av å ville gjere. 

Eg trur det ofte er litt sånn at desse tinga heller prioriteres vekk. Fordi ein ikkje har tid eller det ikkje er produktivt nok. Fleire som kjenner seg igjen? Det gjer i alle fall eg💛

Men heldigvis har noko i meg endra seg. Eg har begynt å sjå kor utrulig masse magi det finst i nettopp det å prioritere det.

Meir joy, gir meir glede. Meir energi. Meir drivkraft og lyst. Ein føler seg meir levande og har så enormt mykje meir å gi!

Meir joy vil ikkje frarøve noko frå andre viktige ting. Det gir -drivkraft- til nettopp andre viktige ting.

Så kva gir deg følelsen av åh ja, dette har eg lyst til? Følelsen av rein glød, spenning, flyt, glede, godfølelse?🥹

Det kan vere alt frå små gledesfylte ting som å skru favorittmusikken på høytalaren, bake noko, sjå ein serie du elsker - til å la glede lede i større valg, f.eks. tankar om jobb, eller hoppe ut i noko skummelt som likevel føles ut som eit ja. 

Det er ikkje bortkasta tid. Eller egoistisk. Eg trur det nettopp er det motsatte.

#joy #glede #energi #helse #spreadthelove 🥰 by @susanne.nesse
4
13 days ago
Download
Kanskje planen er å stole på at det som føles godt og riktig no, er det som fører oss dit me skal. Smått eller stort, det me blir dradd mot å gjere. Som gir ein indre glede, lyser deg opp, gir deg ein glød, ein lyst, vekker noko i deg, føles som eit ja💛

Kva er dette for deg i dag? Kva kjennes som eit ja i kroppen og tenner eit lys i deg? Kanskje er det nettopp det du skal gjere💛

#følghjartet #intuisjon #glød #væredeg #draumar by @susanne.nesse
3
24 days ago
Download
God mandag, kjære dåke🫶🏻 Her kjem nokre tankar eg fekk lyst til å dele med dåke, som kanskje kan treffe litt, eller kanskje ikkje, men deler i håp om at det kan gjere ein liten forskjell for nokon💛

Eg har på følelsen av at me er fleire som kan kjenne oss igjen i jakta på lykken, jakta på noko der framme, jakta på ein anna tilværelse, jakta på draumar. Ei jakt som gjer at me ikkje heilt klarer å finne ro eller glede i her og no. Akkurat som me ikkje tillater oss sjølv det. Fordi me kan jo ikkje vere fornøgde før me er der og har det?

Fleire som kan kjenne seg igjen? 

Men kanskje nøkkelen til nettopp lykken, er å ikkje ta den så alvorlig. Gje slepp på korleis finne vegen dit. Gje slepp på lykke som prestasjon, på noko me skal få til. Kanskje nøkkelen til draumane, ikkje er å lage den beste planen, ein plan som kanskje verken blir til eller som blir eit stressmoment, men at planen heller er å tillate det som gir gode følelsar allereie no. 

For det som skjer då, er at livet blir godt allereie no. Heilt utan at draumane er oppfylt. Og kanskje er det nettopp det som gir livet meining. Gledene me kan fylle dagen med no. Og gleden og spenninga over kor dei tar oss. For kanskje er det nettopp dei som òg er nøkkelen til draumane våre, både dei me veit om og ikkje veit om, og til ei framtid som er meint for oss. Ein fin tanke som gir ro, synast eg♥️

Ein liten mandagsrefleksjon eg fekk lyst å dele. Kanskje rørte den noko i deg og♥️

#lykke #glede #refleksjon #nuet #livet by @susanne.nesse
2
a month ago
Download
Det treng ikkje vere anten eller🤍

Det å leve meir i takt med natur og the back to basics er noko eg ser på som magisk helsebringande, men det betyr ikkje at den einaste fasiten er at alle må flytte på gard eller endre om på heile livet. Og det no🤍

Nei, det betyr å ta grep som gir. Det kan vere dei små grepa, eller dei litt større. Kanskje er det å ta over det småbruket. Kanskje er det å endre om på heile livet. Men det kan òg vere nettopp dei små grepa som rører noko litt ekstra i deg. 

Eg er overbevist om at det ligg uendelig mykje helse i å ta tilbake ein meir naturnær måte å leve på, i det å ta tilbake meir av the basics♥️ Og håper eg kan vere ein inspirasjon til akkurat det. Men i det håpet ligg det òg eit mål: at du kjenner etter og tar i mot det som resonnerer for akkurat deg - det som du kjenner vekker ein lyst og gløder opp noko i deg. 

Eg trur at det er dei grepa som bygger helse og bærekraftige liv. Ikkje dei som er bunna i press og prestasjon og burde, men i lyst, glede og inspirasjon. På den måten kan me steg for steg bygge noko magisk, både kvar enkelt og saman, fordi me startar i riktig ende. Det trur eg på🤍

God mandag til deg♥️

#helse #bærekraft #natur #liv #leve by @susanne.nesse
1
2 months ago
Download
Jeg er så dypt takknemlig for å, gjennom utallige omveier, ha kommet frem til hvor verdifulle disse «medisinene» er🤍

Kanskje kan noen av disse gjøre en forskjell for deg og♥️

#helse #natur #tavare #livsglede #være 🤍 by @susanne.nesse
0
8 months ago
Download
Lettere sagt enn gjort, jeg vet🤍 Men jeg tror mange av oss trenger å minne oss selv på det. 

Det kan være lett å låse seg selv så i tanker om fremtid, at vi frarøver oss selv gleden og roen her og nå.

Vi glemmer hvor levende vi føler oss når vi tillater oss selv å bare flyte med, er spontane. Lar latteren sitte løst. Ler uten grunn🤍

Lar de små intuitive valgene vise vei, i stedet for å låse seg i det store bildet.

Der tror jeg det ligger mye ro. Frihet. Glede. Livsgnist🤍 Fordi vi lever ut dagene, ikke bare venter på en ønsket fremtid.

For klisjé eller ei: Det er nå livet er. Kanskje litt av den store meningen er å ikke vente på å leve det.

💗 by @susanne.nesse
0
6 months ago
Download
Du er det💜

Vet så godt at det noen ganger og kanskje også egentlig alltid, kan føles motsatt. 

Men det er ikke sannheten. Det er en følelse, en sannhet vi har skapt, basert på våre tanker, vårt trosystem. Men det betyr ikke at det er en sannhet i dem.

Du er så uendelig verdifull, helt uavhengig av «lappene» på toppen. Helt uavhengig av alle etablerte «sannheter». Verdien er der bare🤍

Og de «etablerte sannhetene», «lappene på toppen»? De kan vi velge å se på som noe som nettopp støtter vår verdi. Du er verdifull også <fordi> disse gjelder deg. Vet det kan være vanskelig🤍

Selv kjenner jeg meg veldig igjen i mange av punktene over. Og har mislikt meg selv skikkelig for dem. Og etablert sannheter i meg selv om at dette gjør meg mindre vellykket, mindreverdig. Ingens feil, bare inne i mitt hode.

Å utfordre de «sannhetene» krever sitt, men wow, så frigjørende det er når de jobbes med og forløses.

🤍Du er like verdifull som alle andre.
🤍Du er unik.
🤍Du er fantastisk.
Prøv gjerne å bytte ut «du» med «jeg» og repeter til deg selv. Kan føles rart og feil, men vit at det er helt sant💜

#worthy #verdifull #branok #duerverdig #kjærlighet by @susanne.nesse
0
6 months ago
Download

Download All

Save the photos and videos currently loaded on this page.

0Photos
0Videos
Ready to download 0 / 0

Keep this tab open until your download is ready.

back to up